Loading...
Søndagssplitten

Søndagssplitten – Norske penneskaft og penaler

I anledning nasjonaldagen, kommer her et lite stykke norsk pennehistorie, skjønt det er ikke fyllepenner det skal dreie seg om, men penneskaft. Høsten 1932 ble det nemlig startet opp et par penneskaftfabrikker her i landet, henholdsvis i Porsgrunn og Jølster, og disse ble det skrevet et par saker om i kommunenes lokalaviser. I 1932 hadde fyllepennen for alvor gjort sitt inntog, og man kan jo lure på hvor god idé det var å starte opp fabrikker som produserte de mer avleggse penneskaftene. Samtidig var det fortsatt vanlig å bruke penneskaft i skolen, hvor fyllepennene ikke for alvor ville gjøre sitt inntog før om lag 30 år senere. Det vites dessverre ikke hvor lenge disse to fabrikkene holdt det gående, men her er i hvert fall avissakene fra da de startet opp i 1932.


Porsgrunns Dagblad, 27. august 1932:

Første norske Pennefabrikk i Porsgrunn

Dreier W. Lassen forteller om sine nye planer.
– Utstilling på varemessen i Oslo

De innenlandske fabrikanter får vareordrene for sent.

Som meddelt i går har W. Lassen, Porsgrunns elektriske dreieri, anmeldt til firmaregistret Første norske Pennefabrikk med kontor i Porsgrunn.
Vi hadde i går en samtale med hr. Lassen og de nye planer han arbeider med og ved et besøk på Porsgrunns elektriske dreieri fikk vi se noen prøver på de penneskafter som pennefabrikken skal produsere.

Det er en annen Porsgrunnsmann som har fått ideen til den spesielle type av penneskafter som det er meningen å fremstille. Vedkommende ønsker sitt navn hemmeligholdt. Penneskaftet faller godt for hånden og dets form er slik at man undgår å få blekk på fingrene når man skriver. De nye penner skulde derfor egne sig særlig godt for skolebruk.

Porsgrunnspennen skal mønsterbeskyttes i en rekke land – først og fremst i Danmark, England, Finnland, Tyskland og U. S. A. Den vil bli utstillet på Vandremessen i Oslo i høst og der vil bli sendt prøver til skolene rundt omkring i landet.

Vedkommende Porsgrunnsmann som fikk ideen til pennens form mener at dette absolutt skulde være fremtidspennen. Hvis den slår an og hvis den kan bli innført ved skolene kan det bli en stor affære. Det vil da bli anskaffet spesialmaskiner for produksjonen og det kan bli arbeide for mange mann. Skolefolk i Oslo som er blitt forevist Porsgrunnspennen har uttalt at de tror den vil svare til forventningene. Pennen vil bli fremstillet i forskjellige tykkelser for at den kan passe for enhver hånd.

– Alt avhenger av omsetningen, uttaler hr. Lassen. Det har vært en av ulempene her ved Porsgrunns elektriske dreieri at vi får bestillingene så sent på året. – Når kjøpmennene bestiller varer på Leipzigermessen for eksempel så må de plassere ordrene så tidlig som i februar-mars. Ellers får de ikke varene levert. Men når det gjelder norske bedrifter forlanges der at man skal ligge med lager for kjøpmennene hele året.

Her hos oss får vi ordrene som oftest ikke før sist i august, sier hr. Lassen videre. Da er det ikke alltid så liketil å effektuere bestillingene. Vi må jo også utarbeide nye typer og nye modeller for en rekke artikler hvert år. Det vilde bety en svær lettelse hvis vi kunde få ordrene så tidlig som utlandet får dem – det vilde bety adskillig for landets egne bedrifter dette. Det lar sig ikke gjøre å oparbeide på lager når man får bestillingene så sent. Følgelig blir det lite arbeide i sommermånedene. Men vi hadde nu tenkt at pennefabrikken skulde kunne skaffe oss arbeide i 3-4 måneder om sommeren.

Hr. Lassen viser oss videre endel nytt av året i møbel- og utstyrsbranchen som det er meningen å lansere på Varemessen i høst – bl. a. noen funksjonalistiske lysekroner og spillebord med innfelt sjakkbrett.


Firda, 29. oktober 1932:

No vert vi sjølvhjelpne både med penalar og penneskaft.

Men brörne Eikaas har gjerne fleire planar.

Ein medarbeidar i tidsskriftet “Form og Farge” skriv ein interessant artikel om Brørne Eikås trevareindustri i Jølster som no kjem til å gjera landet sjølvhjelpt med både penalar og penneskaft.
Vi tek her med noko av artikelen:

– Korleis kom De på å taka til med dette arbeidet?
– Jau, ein høyrer so ofte folk snakkar og skriv um kor stor skam det er at det vert innført so altfor mykje frå utlandet som me sjølve kunde gjera like gode. Eg fekk hug til verkeleg å gjera noko i dette stykket. Men kva skulde ein taka fat på.

So skulde me hava nokre penalar til skulen her. Eg tok til å lura på um dette var norsk arbeid, og i fall det ikkje var norsk um det kunde lata seg gjera å arbeida det. Eg røkte etter og fekk greida på at både penalar og penneskaft vart innførde, og dette var ting som alle skuleborn og andre hev bruk for kvar dag, og som me kann laga av norsk vyrke.

Eg spurde so bror min som var smed um han trudde han kunde laga maskinor til å fabrikera penalar med. Me snakka noko um dette og han gjekk igong med arbeidet. Um ei tid var han komen so langt, at han hadde fenge til ei maskina og det synte seg at ho arbeidde. Men ymse forbetringar laut til etter kvart som me fekk meir røynsla.

Trearbeidet var då so bra at det gjekk, og prisen trong ikkje skræma heller. I medan hadde eg arbeidt med å finna fram til ein snøgg og god måte å dekorera penalane på. For eg vilde ha noko som var finare enn dei tyske avtrykkrosene; men samstundes laut det vera like billegt. Dette greidde eg då med godtfolks hjelp. Resultatet ser du her; han legg fram nokre av sine eigne og nokre av dei utanlandske, og ein slepp studera på kva for nokre som er dei finaste.

Alle må vera samde um at Eikås sine stend langt yver dei tyske når det gjeld dekorasjonane. Til døme på dette kann me herma nokre ord av ei Oslo-målarinna, som i sumar var og såg på fabrikken. Ho spurde um det vart utført penalar til utlandet. Då hø høyrde det inkje vart gjort endå sa ho: “Aa nei, De kan gjerne have stygge penalaer i utlandet når berre vi har pene”. I vår tid med dei stigande krav um god brukskunst både i skule og heim skulde dette ha mykje å segja. Eikås sine penalar kann godt segjast å vera ein lekk i arbeidet for brukskunsti, noko som den tyske vara snautt kann verta.

– Men fekk De maskina heilt fullkomt nokolunde straks?
– Heilt nøgde var me sjølvsagt ikkje, for trearbeidet gjekk ikkje snart nok og vart ikkje i alle måtar so bra som det burde med dei sjølvgjorde maskinone. Men so vart Vestlandske Småindustrilag skipa i fjor haust, og derifrå fekk me framifrå fagleg hjelp. Dei sa oss kva maskinor me laut hava dersom me skulde tevla med tyskarane i pris og kvalitet. Me fekk oss ny maskin, so no er me ovanpå med den tingen og.

Det hev vore moro å arbeida siden me fekk hopehav med dette kontoret. Nå gjer dei eit godt arbeid for umselnaden, og det er og mykje dei å takka at me no set igong denne pennskaftfabrikken. Med dette nye arbeidet hev me no den fyremun at maskinone og alle hjelperåder er heilt moderne frå fyrste stund.

– Det er ingen soveren fabrikk her i landet fyrr?
– Nei penneskafti hev fyrr vorte innførde men frå slutten av denne månaden kann me levera.
– Kor mange penalar vert det innført for året?
– Kring 40-50,000.

– Og so mykje kan De levera for året?
– Me hev levera ein 20,000 for året; men når me er komen oss i god stand med maskinor og tilfang elles, so skal me greida å levera det landet treng, og meir til. Men det er ikkje småting av tilfang som skal til. Kva slag tilfang me brukar? Det er bjørk, og god og fin bjørk bør folk taka vel vare på, for det vert noko som vert etterspurd.

– Men no når De hev fenge penalfabrikken upp, so De leverar alt som landet treng av det slaget og De so hev fenge penneskaftfabrikken igong, so De ogso stettar etterspurnaden av det her i landet, tenkjer De so på noko meir?
– Jau, det gjer me. På småindustriumkvervet ligg her mange uppgåvor og ventar. Sjølvsagt må me taka fat på ting som fyrr hev vorte innførde; men her er som sagt uppgåver nok til å taka fat på.

– Kor mange mann treng De no til denne fabrikken?
– Ein 7-8 mann.

Det kunde sjølvsagt vera mykje meir å skriva um dette; men det trengst ikkje. Me er komne so langt at me kann få skriva norsk med norskt penneskaft, og me kann og kjenna oss visse på, at me i brørne Eikås hev menn som alltid vil taka fat på nye uppgåvor der det so vel trengst – og der det er ei æresak både for folk og land.

Men det er med dette som med so mangt anna. Det fyrste er å fabrikera. Det andre er umsetnaden. Her kann lærarane gjera eit framifrå arbeid og slå eit slag for norsk arbeid. Her gjeld det nett slike ting som skuleborn til kvar dag brukar.


Forsidebilde: Hentet fra boken “Arbeidsmåten i folkeskolen – Håndbok for lærere – Tegning og skrivning” av Rolf Bull-Hansen og G. E. Mæhlum (1932).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.