Loading...
Søndagssplitten

Søndagssplitten – Grundig debatt om tildeling av fyllepennar i sunndalsskolen

Denne fornøyelige artikkelen sto på trykk i Aura Avis 6. oktober 1967. Jeg synes det er ganske festlig at en liten sak som dette ble diskutert såpass grundig, og i tillegg gjengitt i detalj i den lokale avisa.

Grundig debatt om tildeling av fyllepennar i sunndalsskolen

– med to nye fyllepennar pr. elev som resultat

Skolestyremøtet i Samfunnshuset siste tirsdag vart eit av dei lengste i nyare tid. Og det trass i at sakslista såg rett så uskyldig ut. Det var to saker som stakk seg ut og som tok så lang tid: Om og når det skulle delast ut ny eller brukt fyllepenn til elevane i skolen. Utleige av gymnastikksal i skolen på Ålvundeid til I.L. Ulvungen i påske- og julehelga. Tilslutt kom så ei tidkrevande sak om utskifting av lærebøker i barne- og ungdomsskolen.

Diskusjonen med utgangspunkt i fyllepennen som inntil no har vore delt ut i 4. klasse i barneskolen, viste seg å fanga inn mange aktuelle sider. Frå ungdomsskolen var det kome brev om at dei fann det ikkje urimeleg om elevane fekk ny fyllepenn når dei tok til i ungdomsskolen. I år er det slik at kvar elev i første ungdomsskoleklasse har fått sin nye fyllepenn. Og det vart med brevet bede om at skolestyret fann ei fast ordning for ettertida.

Leif G. Furu sa mellom anna at dette med utdeling av fyllepenn nr. 2 ikkje akkurat oppelska den egenskapen å ta vare på det dei hadde. Det måtte kunne gå an å sette inn nye splittar. Årsaken til at den gamle pennen ikkje virka kunne vel vera dårlig handsaming.

Harald Romundset, skolestyreformann, sa at dei fleste foreldre måtte kjøpte ny fyllepenn til elevane, sidan dei gamle vart utslitt etter å ha vore i bruk frå 4. skoleåret. Han hadde elles forstått det slik at det mekaniske i ei fyllepenn ikkje slo feil, men at det var splittane som vart utsletne, sa Romundset. Frå fleire hald vart det hevda tvil om den typen fyllepenn som dei siste åra har vore delt ut til elevane var den riktige. Skolestyrarane hadde så ymse erfaringar.

Kjellaug Reksten, styrar i ungdomsskolen, sa at dei pennane som no var i bruk vart dei billegaste. Ho trudde ikkje at det var dårleg åtferd som var årsak til at det var behov for nye pennar.

Nils Leivdal, skolestyrar Ålvundeid, sa at når fritt skolemateriell var innført i Sunndalen, var det ingen tvil om at ein hadde plikt til å skaffe elevane ny fyllepenn når den gamle ikkje lenger kunne brukast. Elevane har da krav på ny fyllepenn, sa han.

Ingolv Sæter, skolestyrar Furugrenda, sa at han mislikte dei pennane som har vore delt ut i det siste. Dei som vart bruka før var betre.

Frans Horvli, skolestyrar Gjøra, fann det rett at elevane fikk ny fyllepenn når dei tok til på ungdomsskolen. Men det kunne nok tenkast at den pennen dei hadde før vart ødelagt ved dårleg handsaming.

Romundset sa at det var nok rett det at fyllepennen var ein del av det frie skolemateriellet.

Lars Flå, skolestyrar Ålvundfjord, sa seg enig i at dei fikk ny fyllepenn når dei begynte i ungdomsskolen. Han meinte elles at skolekontoret vurderte spørsmålet om det i alle tilfelle var nødvendig å skaffe ny fyllepenn.

Leif Furu syntes det var å gå litt for langt å dele ut ny penn når dei hadde ødelagt den dei hadde.

Leivdal repliserte til dette at hvis skolemateriellet var fritt, så var det fritt.

Sverre Fallem, skolestyrar Løykja, var ikkje enig i at elevane skulle få ein ny penn så snart den dei hadde før var ødelagt. I nokre tilfelle gjekk det slik at pennen var ødelagt etter eit halvt års bruk. I slike tilfelle fikk elevane gå tilbake til splitt og blekkhus, sa Sverre Fallem.

Martinus Bjørbekk, skolestyrar Sunndalsøra, sa at sjølv om fyllepennen vart teke i bruk i det fjerde skoleåret, så hadde dei framleis blekksølet med blekkhus og penn i det tredje skoleåret. Bjørbekk ville foreslå at fyllepennen vart teke i bruk i det 3. skoleåret, slik at ein fikk kaste blekkhuset. Etter korte innlegg frå Leivdal, Romundset, Horvli og Normann Andersen, sa Bjarne Bratseth seg enig i det Bjørbekk hadde kome fram med. Det måtte absolutt vera ein god idé å ta med 3. klassen for utdeling av fyllepenn første gongen. Lars Flå og Frans Horvli sa at dei ville støtte dette forslaget.

Gunnar Sæter sa at han gjerne hadde sett ein meir smidig ordning med utdeling av fyllepennar, ved at det vart sagt som så at kvar elev kunne bli tildelt to fyllepennar i løpet av skoletida.

Horvli meinte dette ville bli tungvint i praksis. Ein måtte i tilfelle sende med liste når elevane gjekk over til ungdomsskolen.

***

Det vedtaket som skolestyret til slutt gjorde enstemmig hadde slik ordlyd:

Alle elevar får tildelt fyllepenn til det 3. skoleåret og tildeling av ny fyllepenn til det 7. skoleåret.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.